Design for Kyrkjebygdheia fremhevet i Kreativt Forum - Otterlei Group
18097
post-template-default,single,single-post,postid-18097,single-format-standard,bridge-core-3.0.5,qode-page-transition-enabled,ajax_fade,page_not_loaded,,qode-title-hidden,qode-theme-ver-29.2,qode-theme-bridge,qode_header_in_grid,wpb-js-composer js-comp-ver-6.10.0,vc_responsive

Design for Kyrkjebygdheia fremhevet i Kreativt Forum

Kreativt Forum er en forening som samler og viser frem godt arbeid utført av kreatører, designere, markedsførere og reklamebyråer. Spesielt fremhevet ble Kyrkjebygdheia med sin nye identitet og design. Vi er stolte av samarbeidet med Fjuz.

Kyrkjebygdheia.no

På kyrkjebygdheia.no kan du no finne drøymehytta. Nettstaden er utvikla av Fjuz i samarbeid med Otterlei – som ynskja ein ny profil og ein effektiv måte å få folk til fjells, kor dei bygg i eitt med naturen.

Eventyrlege forhold

Byggherrane og -damene i Otterlei eigedom har som visjon at folk skal trivast i bustadane dei skapar. I samband med utviklinga av den allereie etablerte hyttegrenda ved Kyrkjebygda, hadde dei behov for noko som illustrerte Otterlei sine ambisjonar så vel som staden sine kvalitetar. Resultatet vart ny logo, profil, identitet, prospekt og nettstad.

– Etter ein givande workshop sto vi att med ein ny merkevareplattform og ordet «eventyrleg» langt framme i pannebrasken. Ordet kunne brukast til å beskrive både landskapet og grenda sjølv, frå den Kittelsen-aktige fjellheimen til dei store og små eventyra som venta utanfor hyttedøra. Det var dette som la grunnlaget for den nye identiteten – moderne kvalitet i ei tradisjonell og eventyrleg drakt, seier Jonas Thire, AD i Fjuz.

Foto, prospekt og heimeside

Ifølgje Fjuz har målet vert å skape ein nettstad som er enkel å navigere og som samstundes vekker draumar og eventyrlyst ved bruk av bevegelse og foto. I tillegg har dei utvikla eit interaktivt hyttekart for framsyning av tomtene. Nettstaden er bygd på WordPress med Roots Sage 10 som template, kor alt er tilpassa og utvikla spesielt for kunden.

Tone-of-voice

– Det skal godt gjerast å ikkje ta i bruk landsmålet med eit merkenamn som Kyrkjebygdheia. Nynorsken passa perfekt både geografisk og tonalt. At dette var noko kunden ynskja skada heller ikkje, seier Johannes Kinn, tekstforfattar i Fjuz. Gjennom workshops og dialog fann dei fram til ei stemme som skulle vekke tillit og samstundes spegle det frie og vakre ved området.